#17: Legevakthistoria – dei lange linene (1880-1980)

Legevaktpodden - Podcast tekijän mukaan Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin - Perjantaisin

I del 1 av 3 snakkar vi om over 100 år med legevakthistorie, fram mot ca. 1980. Perioden var prega av distriktslegane sine oppgåver på bygdene og i småbyane, medan dei største byane tidleg utvikla eigne legevaktstasjonar. Men frå 1960 talet vart det fokus på utvikling, og ei ny tid var i emning. Du kan lese meir i boka, «Frå Barberkirurg til digital vaktlege», som kan bestillast her (kr. 100,- fritt tilsendt). Steinar Hunskår er spesialist i allmennmedisin, professor emeritus i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen og forskar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM). Han samtalar med Tone Morken frå NKLM. Teknisk produksjonsstøtte: Lisa Marie Haraldseide. Podkasten er publisert i samarbeid med Alrek Helseklynge.