#18: Legevakthistoria – dei lange linene (1980-2000)
Legevaktpodden - Podcast tekijän mukaan Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin - Perjantaisin
I del 2 av 3 høyrer vi om viktige endringar i legevaktorganiseringa, som skjedde i løpet av berre 20 år. Det var strid om i kva grad legevakt skulle lovregulerast, bli ei offentleg kommunal oppgåve, og korleis den skulle organiserast. Vi fekk betre telekommunikasjon, legevaktsentralar og Helseradio. Interkommunale legevakter med legevaktstasjonar såg dagens lys. Du kan lese meir i boka, «Frå Barberkirurg til digital vaktlege», som kan bestillast her (kr. 100,- fritt tilsendt). Steinar Hunskår er spesialist i allmennmedisin, professor emeritus i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen og forskar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM). Han samtalar med Tone Morken frå NKLM. Teknisk produksjonsstøtte: Lisa Marie Haraldseide. Podkasten er publisert i samarbeid med Alrek Helseklynge.